USA i mellomkrigstida - PowerPoint PPT Presentation

1 / 19
About This Presentation
Title:

USA i mellomkrigstida

Description:

USA i mellomkrigstida Folkehelten Charles Lindbergh kan st som et symbol p at man var i ferd med innta den moderne tid. Lindbergh, en mann av svensk avstamming ... – PowerPoint PPT presentation

Number of Views:138
Avg rating:3.0/5.0
Slides: 20
Provided by: Powe56
Category:

less

Transcript and Presenter's Notes

Title: USA i mellomkrigstida


1
USA i mellomkrigstida
2
USA i mellomkrigstida
  • Den 4. mars 1929 blei Herbert Hoover teken i eid
    som ny president i USA.

I dag er vi i Amerika nærmare ein endeleg siger
over fattigdomen enn noko land har vore i
historia. Med Guds hjelp vil vi snart sjå den
dagen då fattigdomen for godt er forvist frå
denne nasjonen. Eg har inga frykt for framtida
til landet vårt. Ho lyser mot oss, full av lyse
forhåpningar.
3
USA i mellomkrigstida
  • Den fyrste verdskrigen hadde snudd opp ned på den
    økonomiske situasjonen i verda.
  • USA var blitt den nye økonomiske stormakta.
  • Amerikanarane hadde selt store mengder produkt
    til Europa.

USA hadde store pengesummar til gode i Europa.
4
USA i mellomkrigstida
  • Gjennom heile 1920-talet regjerte det
    republikanske partiet USA.
  • Republikanarane ønskte lave skattar og fritt
    spelerom for bedriftene.
  • Ein trudde at marknaden var best eigna til å
    skape økonomisk vekst.

Tre republikanske presidentar Warren Harding,
Calvin Coolidge og Herbert Hoover.
5
USA i mellomkrigstida
  • Amerikansk industri nytta seg av moderne
    produksjonsformer.
  • Fabrikkane masseproduserte varer ved bruk av
    samleband.
  • Dette gjorde at varene blei billigare og at
    eigarane tente gode pengar.

Bilindustrien var mest lønnsam i landet. Frå 1919
til 1926 steig talet bilar i USA frå 6 til 26
millionar.
6
USA i mellomkrigstida
  • Også andre forbruksvarer blei masseproduserte.
  • Kjøleskap, støvsugarar, vaskemaskinar og radioar
    rulla på fabrikkane sine samleband.
  • Varene blei stadig billigare.
  • Folk flest fekk moglegheit til å skaffe seg varer
    som tidlegare var uoppnåelege.

Radio som byggjesett. Ein gut får opplæring i
korleis ein byggjer sin eigen radio.
7
USA i mellomkrigstida
  • Bilen forandra USA.
  • Stadig fleire menneske arbeidde innanfor
    bilindustrien.
  • Det aukande bilsalet førde til at folk kunne
    flytte seg raskare.
  • Mange busette seg derfor i forstadene til byane.

Det blei bygd nye vegar, bygningar, butikkar,
skular og bensinstasjonar. Den aukande
produksjonen skapte fleire arbeidsplassar.
8
USA i mellomkrigstida
  • Også infrastrukturen i USA blei modernisert.
  • Stadig fleire hushald fekk innlagt elektrisitet.
  • Dette førde til at folk ønskte å kjøpe fleire
    elektriske artiklar.
  • Fleire familiar fekk også innlagt vatn og kloakk.

9
USA i mellomkrigstida
  • 1920-åra blir rekna som ein gullalder for
    radioen.
  • Folk samla seg rundt radioapparata for å høyre på
    favorittprogramma sine.

På 1920-talet hadde radioen ei like sterk
stilling som TV eller internett har i dag.
10
USA i mellomkrigstida
  • På 1920-talet fekk jazzen eit gjennombrot.
  • Jazzen kom frå det afroamerikanske USA.
  • No blei denne musikken også populær blant den
    kvite delen av befolkninga.

Ikkje alle likte den nye musikken. Somme hevda at
jazzen var primitiv og usivilisert, og at han
forderva moralen til menneska.
11
USA i mellomkrigstida
  • Å gå på kino var ein populær aktivitet som dei
    fleste kunne unne seg.
  • I fyrste halvdel av 1920-åra var filmane utan
    lyd.
  • Etter kvart kom det filmar med tale og farge.

Charlie Chaplin var blant dei aller største
stjernene.
12
USA i mellomkrigstida
  • Motebiletet endra seg i 1920-åra.
  • Kvinner klipte håret kort, mange brukte også
    leppestift.
  • Kjolane blei knekorte, samtidig som nakne armar
    blei vanleg.

Den eldre generasjonen såg på denne lettsindige
ansvarsløysa som eit prov på at endetida var nær.
13
USA i mellomkrigstida
  • USA på 1920-talet blei kjenneteikna av
    alkoholforbod.
  • Tanken var at mindre alkohol blant folk ville
    føre til mindre vald og kriminalitet.
  • Gangsterar tente gode pengar når dei kunne selje
    smugla alkohol.

Politimenn beslaglegg alkohol og
produksjonsutstyr under forbodstida.
Gangsterane fekk mykje makt. Dei kravde pengar
frå restauranteigarar og forretningsfolk.
Samtidig bestakk dei politikarar og politimenn.
14
USA i mellomkrigstida
  • Ingen amerikanar var meir populær enn Charles
    Lindbergh i 1927.
  • Som den fyrste i verda flaug Lindbergh heilt
    aleine frå New York til Paris utan stopp.
  • Flyet var enkelt og utan navigasjonsutstyr.
  • Undervegs flaug Lindbergh gjennom tåke, storm og
    i mørke.

Etter 33,5 timar på vengene, landa Lindbergh i
Paris. 150 000 menneske tok imot folkehelten.
15
USA i mellomkrigstida
  • Om USA i 1920-åra var prega av framgang, gjekk
    det tyngre for bøndene.
  • Mekaniseringa av jordbruket gjorde at det blei
    produsert meir enn før.

Overproduksjonen førde til lågare prisar på
jordbruksvarer.
16
USA i mellomkrigstida
  • Dei lyse framtidsutsiktene gjorde at mange
    begynte å spekulere i aksjar.
  • Å kjøpe aksjar for så å selje dei når kursen
    hadde stige etter kort tid, verka som ei enkel
    økonomisk oppskrift.

Det var ikkje uvanleg at aksjar steig med hundre
prosent i løpet av eitt år.
17
USA i mellomkrigstida
  • Den 24. oktober 1929 braut det ut panikk på
    børsen i Wall Street.
  • Aksjekursane sokk drastisk i pris, men ingen
    ville kjøpe dei.
  • Bedrifter gjekk konkurs, folk miste sparepengane
    si og arbeidsløysa steig.

Den djupe økonomiske krisa skulle snart forplante
seg til resten av verda.
18
USA i mellomkrigstida
  • Kvifor ramma krisa USA i 1929?

Marknaden var ut av balanse. Tilbodet av varer
var større enn etterspurnaden. Dette førde til
prisfall.
Få land hadde råd til å kjøpe amerikanske varer.
Dårleg økonomi blant bøndene forplanta seg til
andre område i samfunnet.
Aksjekursane hadde stige til eit kunstig høgt
nivå og representerte ikkje den eigentlege
verdien til bedriftene.
19
USA i mellomkrigstida
Bilete Lenkje Rettar
Forside http//en.wikipedia.org/wiki/FileOld_timer_structural_worker2.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/Public_domain
New York http//commons.wikimedia.org/wiki/FileBroadway_theatres_1920.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Tre presidenter http//commons.wikimedia.org/wiki/Main_Page http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Harding http//en.wikipedia.org/wiki/FileWh29.gif http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Jazz http//en.wikipedia.org/wiki/FileJazzing_orchestra_1921.png http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Jazz Age http//en.wikipedia.org/wiki/FileThe-Jazz-Age-.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Chaplin http//no.wikipedia.org/wiki/FilChaplin_The_Kid.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Mote http//en.wikipedia.org/wiki/FileLouise_Brooks_ggbain.32453u.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Skyskrapere http//commons.wikimedia.org/wiki/CategoryNew_York_in_the_20th_century http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Radio http//commons.wikimedia.org/wiki/FileBroxSistersRadioTeddyBear.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Jazz http//en.wikipedia.org/wiki/FileThe-Jazz-Age-.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Framgang http//commons.wikimedia.org/wiki/FileNational_Photo_Company_office_-_Washington,_D.C..jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Forbud http//en.wikipedia.org/wiki/FileDetroit_police_prohibition.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Lindbergh http//en.wikipedia.org/wiki/FileLindberghStLouis.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Traktor http//commons.wikimedia.org/wiki/FileAgriculture_28Plowing29_CNE-v1-p58-H.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Jordbruk http//www.loc.gov/pictures/resource/cph.3c12630/ http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Wall Street http//en.wikipedia.org/wiki/FileCrowd_outside_nyse.jpg http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Bank http//en.wikipedia.org/wiki/FileAmerican_union_bank.gif http//en.wikipedia.org/wiki/public_domain
Write a Comment
User Comments (0)
About PowerShow.com