UDIR-prosjektet: - PowerPoint PPT Presentation

1 / 16
About This Presentation
Title:

UDIR-prosjektet:

Description:

UDIR-prosjektet: Utvikling av barnehagen som l rande organisasjon og arena for kompetanseheving for tilsette og studentar Udir prosjekt kva skjer? – PowerPoint PPT presentation

Number of Views:69
Avg rating:3.0/5.0
Slides: 17
Provided by: 745
Category:
Tags: udir | prosjektet

less

Transcript and Presenter's Notes

Title: UDIR-prosjektet:


1
  • UDIR-prosjektet
  • Utvikling av barnehagen som lærande organisasjon
    og arena for kompetanseheving for tilsette og
    studentar

2
Udir prosjekt kva skjer?
Nye tiltak
Nye tiltak vert skapt
Går inn i eksisterande tiltak
3
Samarbeid på fylkesnivå
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein lang
    tradisjon med samarbeid med barnehagane, eigarane
    og leiinga i barnehagane
  • Forum for barnehage- og skuleutvikling. Dette er
    eit formalisert samarbeid mellom dei skule- og
    barnehagefagleg ansvarlege i dei fire regionane i
    fylket, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og
    Fjordane fylkeskommune, representant frå
    rådmannsutvalet, Utdanningsforbundet,
    Skuleleiarforbundet, KS og Høgskulen i Sogn og
    Fjordane.

4
Samarbeid på fylkesnivå
  • Høgskulen drøfta pilotsøknaden med dei
    ovanemnde. Alle partane såg nytten av eit slikt
    prosjekt og ville vere både støttespelarar og
    pådrivarar. Høgskulen fekk oversendt kommunane/
    regionane sine søknader om kompetansemidlar frå
    Fylkesmannen. Desse danna eit godt grunnlag når
    vi skulle gå inn i samarbeidet i kommunane/
    regionane.

5
Leiestjerna for lærande organisasjonar
Den raude sirkelen indikerer
hovudsatsingsområde for å byggje barnehagane som
lærande organisasjonar.
6
Fagnettverk som utviklingsverktøy
Fagområde barnehage Ansvar kommune
Etikk, religion og filosofi , 25 deltakarar Luster Bjørg Tvetene Sæter/Anne Grethe Sønsthagen Kunnskapsgr.leiar og faglærar i SRLE
Natur, miljø og teknikk, 25 deltakarar Balestrand . Jostein Sanderud faglærar NHR
Kommunikasjon, språk og tekst, 25-deltakarar Leikanger Lillian Pedersen - Kunnskapsgruppeleiar BULL
Nærmijø og samfunn, 25 deltakarar Sogndal Sigrid Bøyum Kunnskapsgruppeleiar LSU (og lærar SRLE)
Kropp, rørsle og helse, 25 deltakarar Årdal Kjersti Johannessen - Kunnskapsgruppeleiar NHR
Kunst, kultur og kreativitet, 25 deltakarar Vik Berit Slåttum - lærar KKK
Tal, rom og form, 25 deltakarar 25 deltakarar Lærdal/Aurland Tom Rune Kongelf/Solbjørg Urnes Johnson - Kunnskapsgruppeleiar og faglærar STM
Styrarnettverk, alle styrarane i Indre Sogn Indre Sogn region Hege Fimreite/Merete Nornes Leiar for bachelor og lærar i LSU
7
Fagnettverka ei unik mulegheit for HiSF
  • Sogn regionråd har ein god struktur og ei god
    organisering for kompetanseheving og fagleg
    utvikling for barnehagesektoren
  • Den nye barnehagelærarutdanninga skal vere nær
    kopla mot barnehagekvardagen
  • Fagnettverka ligg nær opp til kunnskapsområda som
    HiSF skal utvikla
  • Instituttleiar for barnehagelærarutdanninga såg
    og på samarbeidet med Sogn regionråd som ei
    mulegheit for ein VINN VINN- situasjon

8
Styrarnettverk
  • Styrarar i barnehagar i 7 kommunar er samla på 3
    4 årlege nettverkssamlingar. Fagtilsette ved
    Høgskulen deltek aktivt i styrarnettverket 3 - 4
    årlege samlingar med fokus på fag og
    kvalitetsutvikling
  • Springbrett til samarbeid mellom Høgskule og
    barnehage. FOU arbeid, deltaking på kvarandre
    sine arenaer mm
  •  

9
Visjonen i Sogn Alle er med
  • Fagtilsette i dei nye kunnskapsområda i
    barnehagelærarutdanninga er direkte kopla mot
    fagnettverka og deltek på dei lokale
    fagsamlingane som likeverdige partar i
    nettverket.
  • Studentane på Høgskulen. Den koplinga vi planlegg
    å gjere no, er at vi fordelar studentane i 3.
    klasse på barnehagelærarlinja på dei respektive
    nettverka. Då blir 3 5 studentar med på kvart
    nettverk i regionen. Fokus for studentane vil
    vera leiing og kompetanseutvikling i barnehagen.
  • .

10
Alle er med
  • For 3. klasse studentane kan deltaking i
    fagnettverk bidra til
  • konkretisere fagleg innhald fagområda i
    barnehagen
  • å få kunnskap om arbeidsmetodikk for å bli ein
    lærande organisasjon.
  • Kunnskap om korleis drive kompetanseutvikling i
    barnehagen
  • Nettverka vil også føre studentane inn i
    spennande nettverk av dyktige, engasjerte og
    erfarne tilsette frå barnehagane.

11
Sunnfjord og Hafs- regionane
  • I samarbeid med regionleiarane i Sunnfjord og
    Hafs vart me einige om at satsinga der skulle
    iverksetjast frå 2014/ 2015
  • Utvikling av ei ny utdanning
  • PUB 2 og KOMPASS (Kompass studiepoeng for dei
    som har studiekompetanse, etterutdanning for dei
    andre)
  • Målgruppe Heile arbeidsplassen
  • Undervisning Fysiske samlingar,
    nettundervisning og rettleiing på arbeidsplassen
  • Leiing i framtidas barnehage. 35
    barnehagestyrarar har i juni 2013 gjennomført 30
    studiepoeng i leiing i framtida barnehage. For
    Høgskulen og kommunane i Sunnfjord og HAFS er det
    her ein utruleg viktig kompetanse som vi vil
    prøve å nytte for å heve kompetansen for dei
    tilsette i alle desse barnehagane.

12
HøgskulepraksisbarnehageKriterium
  • Utviklingsorienterte barnehagar, plukka ut frå
    dei faste praksisbarnehagane
  • Praksislærarar må ha 15 stp eller aller helst 30
    stp rettleiing
  • Svært stor søknad på både 15 stp haust 2014 og
    påbygging 15 stp vår 2015 . Vidare satsing haust
    2015 og vår 2016
  • Barnehagen må delta i høgskulen sine FOU-prosjekt
    og vere aktive utviklarar i høve til
    praksis-organisering og innhald for studentane
    ved Høgskulen
  • Høgskulepraksisbarnehagane skal spegle fylket
    sitt mangfald når det gjeld ulike barnehagar og
    det er eit mål å ha Høgskulepraksisbarnehagar i
    fleire av regionane
  •  

13
Samarbeid, fou-arbeid mm
  • Dei høgskuletilsette gjennomfører FOU arbeid i
    barnehage
  • Døme fou-arbeid knytt til temaet rettleiing
  • Høgskulen nyttar barnehagetilsette i undervising
    i høve ulike fagområde og tema
  • Kjennskap og erfaringar om praksisfeltet og om
    Høgskulen kan påverke arbeidsmåtar på begge
    arenaer

14
Samarbeid Høgskulebarnehage - 3 BLU
  • Barnehagen får undervisningsplanen til 3BLU.
    Pedagogiske leiarar får tilbod om å delta på
    delar av undervisning/temadagar .
  • Styrar deltek i undervisning tre dagar i løpet av
    våren, på følgjande tema Eksterne
    samarbeidspartnarar, konfliktløysing og samarbeid
    med foreldre. I tillegg vert det gitt i oppgåve
    til studentane å orientere seg på
    studentbarnehagen sine heimesider med tanke på
    kva dei finn av leiingsoppgåver her.
  • Barnehagen melder frå om behov når det gjeld
    innlegg på personal- eller foreldremøter frå
    fagpersonar v/HiSF
  • HiSF orienterer studentar om aktivitetar i
    barnehagen som kan vere retta mot emne i
    fordjuping og prosjekt.
  • Både studentar og tilsette er hjarteleg velkomne
    til å delta på barnehagen sine møter. Faglærar
    har fått plan.
  • Langs med går FOU prosjekt om rettleiing som
    studentbarnehagen er del av.

15
Samarbeid Høgskulebarnehage og 1 BLU
  • Hospitering av faglærarar (vinter-vår 2015)
  • Deltek på praksisoppsummering
  • Danse førestelling for barna (vinter-vår 2015)
  • Aktivitetsdag i parken ved barnehagen (vår 2015)
  • Styrar held føredrag for nye 1 BLU studentar om
    å være barnehagelærar og leiar(haust 2015)
  • Praksisoppgåver (haust 2015)

16
HiSF sitt bidrag til faste praksisbarnehagar
  • Praksisbarnehagen er saman med studentane i
    undervisingstimar på HiSF
  • Faglærarar på HiSF stiller seg til disposisjon
    for deltaking på personal/foreldremøter mm.
  • Praksisbarnehagen vert nytta i HiSF sitt FOU
    arbeid
  • Praksisbarnehagen deltek i studentar sine bachlor
    - og prosjektarbeid
  • Praksisbarnehagen kan nytte kompetansen til HiSF
    sitt bibliotek
  • Praksisbarnehagen kan bruke/låne rom og utstyr av
    HiSF
  • Anna samarbeid mellom praksisbarnehagen og HiSF
    etter avtale
Write a Comment
User Comments (0)
About PowerShow.com